Hopp til hovudinnhald

For skuler og barnehagar

Undervisingstilbod ved Valdresmusea
info@valdres.museum.no // Tlf: 61 35 99 00

Tilbod

Formål:

Valdresmusea legg til rette for møte mellom generasjonar. Kulturarven har potensial til å knytte ulike grupper i samfunnet tettare saman. Kunnskap om til kulturarv og lokalhistorie kan bidra til at elevane får innsikt i eigen historie, styrka identitetsfølelse og forståelse for lange liner og korleis verda heng saman. 

Stadig oftare høyrer vi at kulturutøvarar er tidstjuvar i skulekvardagen. Kulturen stel undervisingstid, blir det sagt. Men det er vel ikkje skulefaga åleine som skal ruste ungane for framtida. For verda er overalt og i ein krevjande kvardag skal barn og unge finne sin plass. Dei ytre påkjenningane er mange, på skulen, i heimen, i den digitale verda, kvar dag, kvar time, kvart sekund. Det er ikkje alltid enkelt å vite korleis ein skal manøvrere mellom sterke krefter av alle slag. 

Liva i Valdres er ikkje lausrive frå verda ikring. Det har dei aldri vore. Men verda bankar litt hardare på dørene no enn kva dei gjorde før i tida. Då er det greitt å møte menneske med kunnskap om det som skil – og det som foreinar. Skal vi sikre sameksistens med folk av alle slag, må vi forstå korleis verda heng saman. Då er kunnskap om mat, klede, song og musikk like viktig som dei tradisjonelle skulefaga.

Til læraren:

Alle grupper som deltek i undervisingstilbodet, skal ha med seg ein vaksen, og det er læraren som har ansvaret for gruppa. Ved museet ønsker vi å gi dei unge gode opplevingar. Erfaringa vår er at dei som er godt førebudd, dei lærer mest. Snakk med borna før de kjem; kva er eit museum, korleis oppfører ein seg og kva skal skje under besøket? Meld frå i god tid om de har særskilde behov. Vi gler oss til å sjå dykk!

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1