Hopp til hovedinnhold

Barnas dag

For dei eldste barnehagebarna (fire- og femåringar)

Valdres Folkemuseum, måndag 22. mai

Endeleg kan vi igjen ynskje dei eldste barna i barnehagane velkomne til Barnas dag! Vi håper alle barn i Valdres kan bli kjend med museet. Kven er vi og kva skjer på eit museum? 

Aktivitetar

  • Saueklipping
  • Folkemusikk og abligøyar
  • Huske, gråtass, sandkasse og styltar
  • Leirmuring
  • Fôrhopping, luking og planting, livet på garden
  • Kvar kjem mjølka frå? Møt kalvane og bonden

Med atterhald om endringar i programmet



PÅMELDING FOR BARNEHAGANE:

TIDSPUNKT I 2023

Måndag 22. mai kl. 09.30-13.45
På Valdres Folkemuseum

Fakta

  • Lengde: Heildagsopplegg. I tillegg kjem reise og matpause
  • Kven: For 4- og 5-åringane i barnehagane
  • Ta med: Varme klede, gode sko, mat og drikke. Museet har takkar og bålpanner som de kan låne til evt. matlaging
  • Pris: Kroner 50 per barn
  • Påmeldingsfrist: 2. mai

TIL DEI VAKSNE

Alle grupper som deltek i undervisingstilbodet, skal ha med seg vaksne, og det er dei barnehagetilsette som har ansvaret for gruppa. Ved museet ynskjer vi å gi dei unge gode opplevingar. Erfaringa vår er at dei som er godt førebudd, får mest ut av dagen. Snakk med borna før de kjem; kva er eit museum, korleis oppfører ein seg og kva skal skje under besøket? Meld frå i god tid om de har særskilde behov. Vi gler oss til å sjå dykk!