Prosjekt, fagartiklar, meiningsstoff
Arkiv og samling
Valdresmusea forvaltar 29 152 gjenstandar, 404 439 foto, 107 historiske bygningar, 15 961 musikkarkiv, 694 papirarkiv og 84 918 draktregistreringar.
Innlandsarkiva: Valdresmusea er del av Innlandsarkiva, eit nettverk av museumsarkiv i Innlandet. Innlandsarkiva har avdelingar på Valdres Folkemuseum, Bagn Bygdesamling og Bautahaugen Samlinger. Her tek vi vare på papirarkiv, fotoarkiv og musikkarkiv og gjer desse tilgjengeleg for alle interesserte. Arkivarbeidet følgjer Arkivverkets regelverk. Les meir her.
Bruk av foto: Digitaliserte foto frå museets samling kan du bruke kostnadsfritt! Merk: ALL bruk av foto skal krediterast. Reproduksjon til anna enn privat bruk og all kommersiell bruk av foto skal avtalast med museet. Avfotografering, skanning eller anna behandling som vil medføre meirarbeid for museet kan gjerast ved anledning, men det kan tilkomma vederlag for arbeidet. Kontaktinformasjon finn du her.