14 000 lydspor
Valdres Folkemusikkarkiv er det eldste regionalarkivet for folkemusikk i Noreg. Her er intervju, musikk- og danseopptak med felespelarar, langeleikspelarar, songarar og dansarar, frå 1940-talet og fram til i dag.Folkemusikkarkivet inneheld rundt 14 000 enkeltspor med song og musikk. Arkivet er ein offentleg lytteplass. Alle som vil kan koma og lytte i arkivet, heilt gratis. Det er også mogleg å kopiere song og musikk frå arkivet.
Valdres Folkemusikkarkiv er del av Opplandsarkivet, eit nettverk av museumsarkiv i Oppland. Opplandsarkivet har avdelingar på Valdres Folkemuseum, Bagn Bygdesamling og Bautahaugen Samlinger. Her tek vi vare på papirarkiv, fotoarkiv og musikkarkiv og gjer desse tilgjengeleg for alle interesserte. Arkivarbeidet følgjer Arkivverkets regelverk.
Kontakt oss
- Folkemusikkarkivar Elisabeth Kværne
- Epost: elisabeth.kvaerne@valdres.museum.no
- Tlf 61 35 99 32 / 900 45 834
OPningstider
Arkivet held til i Folkemusikkhuset på Valdres Folkemuseum, og er ope måndagar, tysdagar og onsdagar, elles etter avtale. Kontakt arkivaren på førehand.
Bok om langeleiken
Heile Noregs instrument
Elisabeth Kværne
Folkemusikktimen NRK P2
Viral langeleik
Opplæringsfilmar på langeleik
Historia om langeleiken
v/Bjørn Aksdal
Høyre du, mann!
Langeleikopptak 1955-1983
Folkemusikken frå Valdres
v/Kjellbjørn Karsrud
Ola Brenno
Langeleikspelar og mangesyslar
TV-program frå 1975
Folkemusikk i Valdres i NRK-arkivet
Sigurd Islandsmoen
komponist og folketoneinnsamlar