Hopp til hovudinnhald

Ingebjørg T. Robøle

Innsamling av minne

Gründeren Ingebjørg T. Robøle (1892-1986) vaks opp i ein tradisjonell fjellbygdskultur i Vestre Slidre, men det var ikkje gardsdrift og husmorsyssel som kom til å farge livet hennar. Mest kjent var Ingebjørg som hotellvert, lastebileigar og butikkdrivar.

Frå Kulturrådet har Valdresmusea fått støtte til innsamling av arkiv og minne etter Ingebjørg. Målet med arbeidet er å belyse variasjon og mangfald i kvinneliv i Valdres. Prosjektet blir til i samarbeid med Valdres Historielag, Valdres Veteranvogners Venner, Kvinnemuseet og Skeivt arkiv.

Foto og intervju 

Innsamling av minne er ikkje mogleg utan god hjelp frå interesserte frivillige. No inviterer vi deg til å låne oss gamle foto av Ingebjørg. Har du fotografi av Ingebjørg, av butikken eller hotellet som ho dreiv - eller ein av dei mange bilane ho åtte, er du velkomen til museet på Fagernes slik at vi får skanna dei. Bileta får du med deg heim, i tillegg til at dei blir lagra på servarane til museet. 

For skanning av foto, kontakt fotoarkivar Kristine på: kristine.runshaug@valdres.museum.no

I løpet av sommaren vil vi òg kome i gang med intervju av folk som hugsa Ingebjørg, og som ynskjer å dele minne om den driftige dama. Ynskjer du å stille som informant? Kontakt Ole Aastad Bråten på mobil 90763635 eller e-post ole.aastad.braten@valdres.museum.no 

  • kvinne med ski og staver
    1/1
    Ingebjørg T. Robøle poserer for fotografen med ski og tilhøyrande antrekk. VFF VS-17.30 ukjent
Museum24:Portal - 2025.06.11
Grunnstilsett-versjon: 2