Valdresmusea forvaltar rundt 3500 boktitlar. I lenka under kan du søkje i basen og få treff i alt frå årbokartiklar til kulturhistoriske emne og lokalhistorisk litteratur. Mykje Valdres-litteratur ligg òg tilgjengeleg på Bokhylla.no (Nasjonalbiblioteket); det gjeld både bøker, filmar, tidsskrift og aviser. I museumsbutikken har vi ei lang rekke bøker om lokalhistorie, handverk og folkemusikk til sals.
Kontaktinformasjon:
Ope etter avtale. Det beste er å sende ein epost for å gjere avtale, eller ringe for å høyre om det er nokon til stades som kan hjelpe deg.