Frå Skattebustogo på Valdres Folkemuseum
Valdresmuseas avdelingar forvaltar 105 antikvariske hus på tre ulike museum. Dei fleste husa er frå 1700- og 1800-talet. Det eldste huset er frå kring år 1350, dei nyaste frå 1900-talet.
Form og detaljar fortel om sterke lokale handverkstradisjonar, men syner også slektskap til internasjonale stilimpulsar. Desse impulsane kjem fyrst og fremst til uttrykk som detaljer i panel, listverk, berebjelkar, dekorasjonsmåling og glas. Fleire av dei antikvariske husa er blitt sett i stand på kurs i regi av Valdresmusea. Les meir her: