Hopp til hovudinnhald

Husa på bygdesamlinga

  • 1/1
    Langs Islandselva ligg mellom anna desse husa; frå venstre smie, stabbur og bekkekvern. Foto: Anne Marit Noraker

På 1840-talet vart det gamle tunet på garden Islandsmoen flytta noko høgare opp, og i dei mange tiåra som fulgde snakka folket på garden om at det kunne vera fint å bygge eit gardsmuseum på dei gamle tuftene. Den utflytta sonen på garden, Olaus Islandsmoen, gjorde alvor av dette i 1920. Saman med familie og naboar fekk han flytt ei rekkje bygningar og gjenstandar både frå garden og nabogrendene til museet. Kvart år samla Olaus familie og vener til årlege bygdestemner med taler og musikk. I 1939 gav Olaus bygdesamlinga til bygdefolket. 

Dei fyrste åra var det særleg hus og inventar frå Islandsmoen som utgjorde samlinga, men med åra vart samlinga utvida med fleire hus, gjenstandar, utstillingar, foto, arkiv frå bygdene rundt.

Gardshus frå Islandsmoen

Dei fyrste bygningane som vart flytt ned til dei gamle tuftene var den gamle seterbua frå Smettbak og føderådsstabburet (sjå bilete under), og sidan vart òg både låven, smia og våningshuset på garden flytt ned til samlinga. Nokre av desse bygningane hadde også før stått nede i det gamle tunet. Stabburet frå Hølerseterbrøtin kom også til Islandsmoen av di Olaus ei tid eigde plassen. 

Langs Islandselva

Hit vart det flytt ei oppgangssag frå Landmark, ei smie frå Islandsmoen, eit stabbur frå Juve, ei bekkekvern frå Tronrud og ei badstove frå Åsen. På sørsida av elva ligg eit gamalt naust fra naustbyen ved Høvren og kopi av ei gamal skogskoie. Langsmed husa vart det på 1980-talet bygt ei vassrenne som gjorde det mogleg å syne fram korleis oppgangssaga og bekkekverna virker når vatnet renn gjennom vasshjula.

Telthuset og Stabelbygningen

Telthuset frå ekserserplassen Vangen på Bagn er ein gamal militærbygning som vart bygt i 1813 og flytt til bygdesamlinga i 1972. I dag inneheld huset ein snikkarverkstad og ei utstilling om tradisjonell skogsdrift frå tida før motoriseringa. Her kan du òg sjå utstyr for jakt og fiske, hesteutstyr og sleder, og gjenstandar som viser korleis dei bearbeida tekstil på garden. Stabelbygningen var forpaktarbustad og storkjøken på Bagn prestegard og vart flytt til museet i 1971. Bygningen har namn etter Hans Jacob Stabel som var prest i Sør-Aurdal i 1806, då bygningen vart reist. Stabelbygningen inneheld i dag mellom anna landhandel og skreddar-, skomakar-, bokbindar- og urmakarverkstader. 

Dølven skule

Dølven skule vart bygd i 1892 og står på sin opprinnelege stad. Skulen med utedo og garasje vart del av bygdesamlinga i 1966. I første høgda på skulebygningen er det skulemuseum, i andre høgda står lærarbustaden med inventar etter lærar Ingvar Koppervik nærast urørt. Døtrene hans gav innbuet til bygdesamlinga mot at det skulle stå som det hadde gjort. 

Nyare hus

Utstillingssbygningen inneheld utstillingar med tekstilar, bunadar, husgeråd og fangstreiskapar og ikkje minst krigsutstillingen om kamphandlingane i Bagn i 1940. Du kan òg mellom anna sjå film om Mikjel Fønhus og høyre opptak av Ola Brenno på langeleik og Sigurd Islandsmoens musikk. Her det det òg resepsjon, toalett, verkstad, kontor, møterom og arkiv med eige avdeling av Opplandsarkivet. Av andre nyare bygg finn vi både vognskjul, eit lite hus for teglstein og ein kopi av ei gamal skogskoie.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1