Valdres Folkemuseum har eige støl på toppen av Storøya. Dei eldste er frå frå 1700-talet, medan Tvengjistølen vart bygd i 1947-1948.
I 1998 vart Tvengjistølen frå Nørre Trøllhøvd i Vestre Slidre flytt til museet, som del i formidlinga av det moderne stølsbruket. Slik ynskjer museet å spreie kunnskap og forståing for støling som viktig del av eit moderne, norsk landbruk.
Kvar sommar kan du finne både kyr, sauer, griser og høns på museet.
- 1/9
Firedelt sel frå kring 1750, skut, sel og mjølkebu i ei lengde. Underfjøs til geiter under fjøset. Frå Smørlien under Måno i Nord-Aurdal. Jordgolv, sjåglugger og to vindauge. Bordgolv, men truleg opprinnerleg åresel. - 2/9
Rennsennselet. Tredelt sel frå kring 1700. Flytt til Valdres Folkemuseum på 1950-tallet. - 3/9
Todelt seterbu frå Svartfjell / frå Sør-Aurdal, med sjåglugger, åre, ljore og ljore i eldbua, og mjølkebu bygd inntil. Haustseter for garden Steinsrud i Sør-Aurdal, bygd kring 1775. - 4/9
Sel frå Øydgardsstøle. Todelt sel med fjøs. Jordgolv, sel og mjølkebu. Dør inn til selet frå gavlveggen. Jordgolv. Truleg opprinnerleg åresel. - 5/9
Frå fjøset på Øygardsstøle. - 6/9
Fjøs frå hauststølen til Hauge i Lomen. - 7/9
Selet på Tvengjistølen vart bygd på 1940-talet, og stod på Nørre Trøllhøvd i Vestre Slidre statsallmenning. Det vart flytt til Valdres Folkemuseum kring år 2000. - 8/9
Fjøset på Tvengjistølen. - 9/9
Mjølkeavkjøling.