Hopp til hovedinnhold

Husa på Bautahaugen

Historia

Bautahaugen Samlingar vart grunnlagt i den nasjonale rusen rundt førre hundreårskiftet. I spissen for å gje hedølingane sitt eige friluftsmuseum stod handelsmannen Erik J. Bergsrud (1848-1915) og bonde Elling Goplerud (1864-1932). Bergsrud og Goplerud ynskte å skape eit varig minne for å heidre tidlegare sambygdingar, og dei hadde begge stor interesse for fedrelandet, gards- og ættehistorie.

I 1902 gav eigarane av nørdre Braka, Gunhild Maria Andersdatter og Gudbrand Arnesen  den gamle dansarfeten Jonsrudhaugen som samlingsplass og framtidig museumsområde. Plassen vart rydda og flaggstong kom opp. 17. mai i 1905 vart den fyrste bautaen reist på Jonsrudhaugen, til minne om «Hedalens Krigsmænd» som i perioden 1808–1814 deltok i krigshandlingane mot svenskane.

Seinare vart det reist fleire minnesteinar, men ikkje berre over tidlegare hedølingar. På ein solid jordfast stein er det hogd inn kongekrone og følgjande inskripsjon: ”9de november 1905 kom kong Haakon VII til Norge. Kronet 22de juni i 1906”. Dronning Maud og kronprins Olav fekk sine namn på ei kraftig bordplate av stein. Tradisjonen med kongemonogram og signatur vart vidareført då kong Harald og dronning Sonja vitja Bautahaugen, 9. juni 2010. Då fekk majestetane namna sine innskrive på minnesteinen, rett over over Kong Haakon VII sin signatur.

15 gamle bygningar

Sjølv om Bautahaugen vart grunnlagt i 1902, tok det lang tid før det fyrste huset kom opp. Elling Goplerud skreiv i ”Folkebladet” (Minnesota, USA) 7. juni i 1906 at […hedølerne har tenkt at faa kjøbt en Stue og et Stabbur som er nogle hundrede Aar gamle, og faa sat ved Bautahaugen og oprettet et Museum for Hedalen, men mangler penger dertil saa det blir ikke med det første…].

Først femti år etter etableringa kom den fyrste bygningen opp. I 1952 vart stabburet frå husmannsplassen Jørgensplassen flytt til Bautahaugen. Jørgensplassen vart rydda tidleg på 1700-talet. Stabburet er eldre, frå 1600-talet. I 1954 vart Liestuggua frå Midt-Lie sett opp. Stova er om lag 250 år gamal, og med huset fylgde to store skåp, benk, bord og peis.

Stabbur, låve, løer, fiskebu, seterbu, kyrfjøs, geitefjøs, dobbeltløe, fiskebu, båthus og årestove frå Hedalen og sidedalføret Vassfaret har kome til gjennom heile perioden. Inne på museumsområdet finn ein også småbruket Brakadokka, ei gamal krambu frå 1870. Brakadokka var fyrst ein husmannsplass. Erik Bergsrud kjøpte bruket ikring 1870 og flytta krambua si hit. Det vart den første moderne krambua i Hedalen. Brakadokka inneheld i dag også ei skuleutstilling.

  • 1/4
    Låve frå Storrustebrenna, med hestevandring frå Sørlibakken. Hestevandringane var ei viktig verktøy for å få hesten til å dra treskeverka som stod inne på låven. Hesten gjekk i ring med eit "uenderleg belte". Slike var vanlege i Valdres frå kring 1830 til kring 1930. Foto: Dag Lindbråten
  • 2/4
    Låve frå Brakadokka. Foto: Dag Lindbråten
  • 3/4
    Kyrfjøs frå Storrustesetra i Vidalen. Foto:. Dag Lindbråten
  • 4/4
    Den doble høyløa frå Bergesetra i Hedalsfjellet vart flytt til Bautahaugen Samlinger i 2001. Her ser ein no fleire nye stokkar. Valdresmusea har hatt bygningsvernkurs her i både i 2018 og 2019 der kursdeltakarane har fått lære korleis ein skiftar ut stokkar i tømmerbygningar som står oppe. Foto: Dag Lindbråten

Anna eigedom

I 2001 overtok Bautahaugen gardsbruket Bergsrud med innbu og lausøyre, seter, hytte og båtnaust. Bergsrud Gard ligg litt nord for Bautahaugen Samlinger. Bautahaugen Samlinger eig også ei badstu, eit radiomuseum og ei mølle. Mølla ligg langsmed natur- og kulturstigen som går mellom Bautahaugen og Hedalen stavkyrkje. Ingen av desse eigedomane er organisert under Valdresmusea. For meir informasjon, sjå Hedalen.no.

  • 1/2
    Inne i Hedalen Mølle, 2011.
  • 2/2
    Nokre av husa på garden Bergsrud i Hedalen, 2007.
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1