Bygningsvernet

DSC00537.JPG

Formålet med bygningsvernarbeidet er å bidra til auka bevisstgjering og bevaring av bygningsarven i Valdres.

Kurstilbodet

Kvart år tilbyr vi ulike bygningsvernkurs i til dømes lafting, taktekking, restaurering av vindauge, gamle målingsteknikkar, smiing og muring. Målgruppa er særleg huseigarar, handverkarar og andre med interesse for eldre handverksteknikkar. Nokre av kursa er for ungdom. Bygningsvernkursa blir som regel organisert som samlingar med forelesningar og praktisk øving. Valdresmusea har ikkje ekspertise på alle typer bygningar eller handverk, men kan formidle vidare kven som sit med den beste kompetansen.

Søk gode råd

ER DU HUSEIGARAR?
Bygningsvernrådgjevaren kan koma på synfaring, skrive tilstandsrapportar og gi råd om istandsetting av hus og anlegg. Eigarar av bevaringsverdige hus i Valdres kan få inntil 1 gratis dagsverk. Arbeid ut over dette vert fakturert frå Valdresmusea. Uttale etter synfaring blir gjerne brukt som vedlegg til søknadar om istandsetjing.

OFFENTLEG FORVALTING
Bygningsvernrådgjveraren gjev fagleg bistand til kommunane, og har mellom anna vore ein aktiv deltakar i oppstarten av fredingsprosessen på Bagnsbergatn i Sør-Aurdal.

MØTE OG MEDIA
Anna formidlingsarbeid skjer gjennom artiklar og kronikkar, foredrag, konferansar og sosiale medium. Følg gjerne «Bygningsvern i Valdres» på Facebook.

Samarbeidspartnerar

Oppland fylkeskommune og Kulturminnefondet gir økonomisk stønad til kursrekka.
Den lokale avdelinga av Fortidsminneforeningen Verne-Vøla, Valdres Natur- og Kulturpark og Fagskolen Innlandet er alle gode samarbeidspartnerar i organiseringa.

Kontaktinformasjon

Odd Arne Rudi, bygningsvernrådgjevar
odd.arne.rudi@valdres.museum.no
Tlf: 61 35 99 07 / 976 89 065
Valdres Folkemuseum, Tyinvegen 27, 2900 Fagernes