Hopp til hovedinnhold

Handverkskurs

Kurs i smiing, skifertekking – og mykje meir!

Kontaktinformasjon

Voksenkurs: 
Odd Arne Rudi, bygningsvernrådgjevar
Epost: odd.arne.rudi@valdres.museum.no
Tlf: 61 35 99 07 / 976 89 065
Valdres Folkemuseum, Tyinvegen 27, 2900 Fagernes

Ungdomskurs:
Tonette Glimsdal Eberspacher
Epost: Tonette.Eberspacher@valdres.museum.no
Tlf: 480 72 651
Valdresmusea, Tyinvegen 27, 2900 Fagernes

For info om påmelding og pris, sjå kvart enkelt kurs.

Skulle kurset vere fullbooka? Ta kontakt likevel. Vi kan sette deg på venteliste. Og om vi kjenner interessa for kurset, kan det ta kortare tid før vi sett opp eit nytt om same emne.

OM KURSA

Valdresmusea har sidan 2009 skipa til kring hundre handverkskurs der over 1200 deltakarar frå heile landet har fått opplæring i ulike eldre handverksteknikkar. 

Målgruppa er særleg huseigarar, handverkarar og andre med interesse for eldre handverksteknikkar. Ungdom frå 13 år og oppover er velkomne til å delta, og vi har no starta med rabatterte prisar for dei under 26 år. 

Kursa blir som regel organisert som samlingar med forelesningar og praktisk øving. Dei fleste kursa har ein varigheit på rundt 20 timar, medan nokre er dobbelt så lange eller dei er av meir seminarmessig karakter. Valdresmusea har ikkje ekspertise på alle typer bygningar eller handverk, men kan formidle vidare kven som sit med den beste kompetansen.

Innlandet fylkeskommune og Kulturminnefondet gir økonomisk stønad til kursrekka. Den lokale avdelinga av Fortidsminneforeningen Verne-Vøla og Fagskolen Innlandet er gode samarbeidspartnerar i organiseringa.

Nasjonale og internasjonale plikter

Kursserien er viktig for kursdeltakarane, men arbeidet i Valdres står òg i ein større samanheng. Gjennom internasjonale konvensjonar er vi som nasjon forplikta til å sikre svake kulturelle ytringsformer, både dei materielle og dei immaterielle. Noreg ratifiserte UNESCO sin konvensjon om immateriell kulturarv i 2007. Konvensjonen er eit viktig oppdrag for UNESCO og for deltakarlanda kviler forventingar til å realisere særskilte mål innfor kulturarvfeltet. Ratifiseringa sikrar ikkje tilskott frå UNESCO, men pliktar deltakarlanda til sjølve å sikre dei økonomiske rammene til arbeidet med den immaterielle kulturarven.

Valdresmusea følgjer pliktene med konvensjonen nøye. Norsk institutt for bunad og folkedrakt, som er ein del av Valdresmusea, er akkreditert NGO i UNESCO. Slik er Valdresmusea ein viktig stemme overfor styresmaktene i spørsmål om norsk tradisjonskultur.

Døme på tema for tidlegare kurs

  • Tekking av tak med skifer, spon eller torv og never
  • Tradisjonelle metodar for overflatebehandling, eksteriør og interiør
  • Dekorative malingsteknikkar, sjablongmåling, linoljemåling, komposisjonsmåling og produksjon av måling
  • Lafting
  • Istandsetjing av gamle omnar
  • Kolmilebrenning og jarnproduksjon
  • Dokumentasjon og oppmåling
  • Sliping av verktøy
  • Instrumentbygging
  • Treskjering og karverskurd
  • Spinning med rokk og handtein
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1