Hopp til hovudinnhald

Smi deg ein dings

Undervisingstilbod for 4. og 7. trinn

Menneska i Valdres tok til med utvinning av myrjern for over 1500 år sidan. Jernet frå Valdres var kjent over heile landet. I bytte mot jern fekk ein fisk og salt. Jernutvinninga var særlig stor i mellomalderen. Mange stader held ein på med jernutvinning til tidleg 1800-talet.

Kva er jern? Kven var den fyrste smeden? Kva vart jernet brukt til og kva har utvinninga av jern hatt å seie for folk i Valdres? «Smi deg ein dings» inviterer skuleelevar til møte med ein ekte smed. Elevane får sjølve prøve hammaren og dei får lære korleis jern blir til.

Aktivitetar på Valdres Folkemuseum, 4. og 7. trinn          

  • På stølsområdet ser vi etter spor av jern og jernutvinning, i landskapet  
  • I Kvie-tunet går vi på leit etter jern – på dører, reiskap, skåp og køyretøy
  • I Lome-smia formar vi enkle gjenstandar som hekter og spiker 

Tidspunkt

Måndag 6. mai eller tysdag 7. mai

På Valdres Folkemuseum

Praktisk informasjon

Lengde: 3 timar. I tillegg kjem reise og matpause

Klassetrinn: 4. og 7. trinn. Maks 30 personar per gruppe

Ta med: Gode klede og sko

Pris: Kr 100 per elev

Påmeldingsfrist: 1. mai


PÅMELDING FOR SKULANE:

Til læraren

Alle grupper som deltek i undervisingstilbodet, skal ha med seg ein vaksen, og det er læraren som har ansvaret for gruppa. Ved museet ønsker vi å gi dei unge gode opplevingar. Erfaringa vår er at dei som er godt førebudd, dei lærer mest. Snakk med borna før de kjem; kva er eit museum, korleis oppfører ein seg og kva skal skje under besøket? Meld frå i god tid om de har særskilde behov. Vi gler oss til å sjå dykk!

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1