Om tilbodet
Vi går saman i skogen og finn emner i passe storleik til ein blyant. Så borrar vi eit hol med handbor, då er det lurt å samarbeide minst to og to. Det er viktig at ein borrar og ein sjekkar at boret er heilt rett, slik at blyet sit rett til slutt. Når holet er ferdig sett vi inn bly og spikkar blyantspissen med kniv. Dei som har lyst kan spikke mønster i blyanten. Når treet tørker over tid, vil det krympe og stramme seg rundt blyet.
Mål
- skape interesse og kunnskap blant unge for tradisjonshandverk og dyrke gleda av å skape noko med nevane
- bruke reidskap som spikkekniv, sag og bor
- få eit fysisk kjensle til material og verktøy
- skape ein god arbeidsatmosfære
- ta felles ansvar for at alle har det bra
- øve på konsentrasjon og utholdanheit
Fakta
- Lengde: Ca 2 timar
- Kven: Dei eldste i barnehagen. 1.-4. trinn i skulen.
- Pris: Kroner 50 per barn
- Påmeldingsfrist: Fortløpande