Hopp til hovudinnhald

Lage pil og boge

Ungdomskurs

KURSINNHALD

På kurset skal vi lage langbogar i ask eller alm. Vi får eit innblikk i historia og ser på ulike design. Materialkravet er høgt i eit bogeemne. Ein kan ikkje lage boge av kva som helst. Pil og boge er kjent som jaktreiskap og våpen i heile verda gjennom 20.000 år. Kunnskapen kring det å lage god pil og boge på tradisjonelt vis er det få som har. Målet er at kvar kursdeltaker skal kunne lære å lage minst ein tradisjonell pil og ein boge som kan brukast til bogeskyting. Til slutt skyt vi på blink.

FAKTA OM KURSET

INSTRUKTØRAR: Eirik Diserud

ALDER: 13 år + (yngre eventuelt med forelder)

TID: 4.-6. oktober 2024 (ca 18 timar)

STAD: Valdres Folkemuseum

ANTAL: maks 12 deltakarar 

PRIS: 1.000,- 

PÅMELDINGSFRIST: 15. september

ARRANGØR: Valdresmusea

Med atterhald om endringar

OM KURSHALDARARENE

Eirik Diserud jobber som tradisjonshandverkar og har genuin interesse for handverk og historie. Særleg bogemaking - noko han har drive med i 17 år.

Spørsmål og påmelding

Tonette Glimsdal Eberspacher
Epost: Tonette.Eberspacher@valdres.museum.no
Tlf: 480 72 651
Valdresmusea, Tyinvegen 27, 2900 Fagernes


Kloke hender

Kurset er del av Valdresmusea sitt kurssatsing for unge og er støtta av DNB Sparebankstiftelsen.

  • Sparebankstiftelsen DNB logo
    1/1
Museum24:Portal - 2024.06.11
Grunnstilsett-versjon: 1