Hopp til hovudinnhald

Mat i fortid og framtid

Undervisingstilbod for 6. og 7. trinn

Heildagsopplegg for 6. og 7. trinn

Utnytting av potet, korn, urter, kjøt og mjølk – gjennom mellom anna kvikake- og lompebakst, potetopptak, plantefarging, ysting og smaksprøver. På Valdres Folkemuseum.

Samanhengen mellom natur, levesett og kosthald er hovudtemaet for programmet «Mat i fortid og framtid». Garden Kvie er eit godt utgangspunkt for å lære meir om gamle mattradisjonar. I «Mat i fortid og framtid» gjer vi ei tidsreise 100 år tilbake i tid. Her er hus, reiskap, åker og eng om lag som i 1919. Elevane blir delt inn i grupper som rullerer mellom seks ulike postar. 

Tidspunkt i 2024

17. og 18. september 2024
På Valdres Folkemuseum

Fakta

  • Lengde: Heildagsopplegg. I tillegg kjem reise og matpause
  • Klassetrinn: 6. og 7. trinn
  • Utstyr og klede: Museumsfolket stiller i tidsriktige klede. Vi oppmodar elevar om å gjere det same
  • Ta med: Matpakke, støvlar og klede etter været
  • Før og etter: Påmeldte skuleklasser får tilsendt undervisingsheftet «Mat i fortid og framtid»
  • Pris: Kroner 100 per elev
  • Påmeldingsfrist: 12. september 

Til læraren

Alle grupper som deltek i undervisingstilbodet, skal ha med seg ein vaksen, og det er læraren som har ansvaret for gruppa. Ved museet ønsker vi å gi dei unge gode opplevingar. Erfaringa vår er at dei som er godt førebudd, dei lærer mest. Snakk med borna før de kjem; kva er eit museum, korleis oppfører ein seg og kva skal skje under besøket? Meld frå i god tid om de har særskilde behov. Vi gler oss til å sjå dykk!

  • 1/1
Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 1