Ferebisk, bisk, dugurd, mellommål, non og kvelds
Måltida var styrd av rytmen av ein arbeidsdag.
I Valdres vart fyrste måltidet vart kalla ferebisk. Dette var kaffi, lams* eller brødskive med smør, sirup, brim og stundom syltetøy.
Bisk var det andre måltidet om dagen. Dette kunne vera vassvelling, mjølkevelling, havrevelling eller graut med brim* eller surost. Flatbrød, potet og spekekjøt høyrde alltid med.
Tredje måltidet om dagen var dugurd (kring kl. 12.00). Dette var vassgraut med surmjølk eller søtmjølk.
Mellommåltidet etter dugurd kunne vera kaffi og lams*.
Ved 16.00-tida var det non. Om sumaren var dette helst spekemat, kokt eller steikt flesk, kurv*, søll* og kokt potet. I regnvêr og på kalde dagar var det vanleg med matgjerd (suppe av salt kjøt, erter, kål og gryn).
Til kvelds (20.00) åt ein gjerne vassgraut med surmjølk eller surbrim, nykokte potetar med sur mjølk eller smør.
lams = potetkake/-lefse
brim = brunost
kurv = spekepølse
søll = samanbrote flatbrød med eit eller anna slag mjølk oppå
--
Ingrid Bolstad. Publisert 28. november 2022