Demokratiet funkar ikkje om ikkje alle kjenner seg heime i det. Valdresmusea gjennomfører for tida eit skuleopplegg i demokratilære. Eit overordna mål med prosjektet er å bli betre kjend med ungdomane i Valdres, få dei i tale, og drøfte forhold som myndiggjering og ansvar for eige og andres liv. I programmet søkjer ein metodar for samhandling som kan inspirere elevane til å stå opp for seg sjølv og påverke eigne liv.
«Ung i debatten» romar undervising, rollespel, omvising, samtale, tekstarbeid, film- og utstillingsproduksjon, handverksdag, inspirasjonsforedrag, og munnlege og skriftlege tilbakemeldingar. Vi drøftar tema som deltaking, stemmerett og medborgarskap, stigma, skam og utanforskap. Vi er ikkje berre opptekne av kva museet kan tilføre elevane, men òg kva elevane kan tilføre museet og generasjonane som kjem etter.