Hopp til hovudinnhald

Handverksdag for yrkesfag

Livsmeistring og handverk på museet

Praktisk kunnskap er like viktig som bokleg kunnskap. Overordna mål er å få yrkesfagelevar til å verdsette eigne evner og kjenne seg innafor - mellom anna gjennom møte mellom generasjonar.

Handverksdag

I 2022 vart elevane ved Valdres vgs vg1, EL, BYGG og TIF invitert til heildagsopplegg på museet der handverk og livsmeistring sto i fokus. 70 elevar var innom følgande stasjonar: 

  • Museet og bygningsvernhandverket v/Anne Marit Noraker og Odd Arne Rudi 
  • Materialkvalitet og sliping av verktøy v/Jan Arne Sebuødegård
  • Reparasjon av gamle motorar v/Ola Kjørli
  • Taktekking v/Odd Arne Rudi
  • Muring v/Knut Andreassen
  • Musikk og dikt om psykisk helse v/Ørnulf Dyve og Lars Isachsen Jemterud
  • Berre du kan våge å kommunisere kven du er v/Magni K. Moe Westgård

Handverkskurs: 

I 2022 har Valdresmusea etablert nytt samarbeid med Nord-Aurdal ungdomsskule om deltaking på museets handverkskurs. Så langt har xx elevar deltatt på to smikurs og eit laftekurs. 

Økonomisk støtte

Prosjektet er støtta av Sparebankstiftelsen og Norges museumsforbund.

Museum24:Portal - 2024.11.2 5
Grunnstilsett-versjon: 2