Hopp til hovedinnhold

Det var så frigjerande å berre kunne skrive!

No for tida er det sjeldan at ein elev i vidaregåande skule sit med eit blankt ark og ein blyant framfor seg – og berre det! Nyleg fekk vg1-elevane på studiespesialisering og idrett på Valdres vidaregåande skule trimma skrivehanda si med kreative oppdrag. 

Den erfarne skribenten Alice Gudheim leia øvingane som fekk skrivinga på gli. Korleis skriv ein til dømes etter lyden av «An der schönen blauen Donau»? Og kan eit hotell i New York fortelja ei historie? 

Målet er at dei unge skal få ekstra inspirasjon før den årlege kronikkonkurransen arrangert av avisa Valdres og Nord-Aurdal mållag. Skriveøktene vart til som ein del av prosjektet «Ung i debatten», eit samarbeid mellom Valdres vgs. og Valdresmusea, som jobbar for medborgarskap og demokratilære blant unge valdrisar.

  • Skuleelevar som skriv.
    1/2
  • 2/2
Museum24:Portal - 2024.03.19
Grunnstilsett-versjon: 1