Hopp til hovudinnhald

Å engasjere seg i naturkrisa

Korleis kan ein bruke stemma si?

Foredrag om naturkrisa

Rolf-Erik Poppe heldt foredrag om det han brenn mest for. Det er jo mange som har engasjert seg i klimakrisa, mens han fyrst og fremst har engasjert deg i naturkrisa. Til dømes konsekvensane av vindkraft- og hytteutbygging.

Spørsmål i dialogen:

Eige engasjement vs. livskvalitet: Kvar kjem engasjementet ditt frå? Synest du at det hjelp å seie frå? Er det håp? Om du blir overmanna av bekymringar, korleis går det med livsgnisten og livskvaliteten din? Har du gode råd til å ta vare på eigen livskvalitet?

Ungdom og engasjement: Mange løyser bekymringar med å tenke på noko anna og slutte å bry seg, kva tenkjer du om det? Gjer det nokon skilnad å vere engasjert? Kva er konsekvensen av å ikkje bry seg? Har du tanker om korleis ein best kan ein engasjere seg? 

Dialog om demokrati: Mange pratar om at demokratiet er truga. Eller at demokratiet ikkje fungerer om ikkje alle kjenner seg heime i det. Kva tenkjer du om dette? Kvifor er det viktig å tale, våge og søke sanning? Har det ein verdi å være ueinige? Har du døme på kritiske enkeltpersoner som har bidratt til å drive samfunnet framover? 

Om kronikkskriving: Kan du fortelje litt om kronikkane du har skrive? Kva oppnår du med å skrive kronikkar framfor å kommentere i sosiale medium? Gode råd om skriveprosessen? Tanker om metodiske grep du kan bruke for å nå fram? (t.d. patos, ethos, logos)

  • Rolf-Erik Poppe i samtale med Anne Marit Noraker​ saman med seksti elevar på VG1.
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1