Hopp til hovudinnhald

Mormor, mamma og meg

I 2022 blir eg atten år. Det er eit år til eg er ferdig med vidaregåande skule og skal flytte heimanfrå. Verda ligg for mine føter. For meg, er bortimot alt mogleg. Slik har det ikkje vore for dei før meg. For ungdom på bygda, og spesielt for jenter, har moglegheitene til utdanning vore avgrensa. På tre generasjonar har det skjedd store endringar.

Mormor

– Eg tenkte på mykje, men det blei ikkje noko av, fortel mormor. Ho er fødd i 1940 og vaks opp i Kolstadbygda i Øystre Slidre. – Å bli sjukepleiar virka interessant, men det var vanskeleg å koma seg på skule. Det var dyrt og ein måtte reise langt vekk.

Tidlegare var det også meir arbeid med å halde hus og gard i stand. – Ingen heime forventa at eg skulle gå meir på skule. Det var bruk for meg heime.

Litt seinare blei det enklare for jenter å få utdanning. Då blei det realskule i Aurdal. – Ein lærar held òg kveldskurs i engelsk. Eg angrar på at eg ikkje deltok på det.

Mamma

– Sjølv hadde eg ikkje peiling på kva eg ville bli, men eg var flink med tal og kunne tenke meg å jobbe med det. Etter vidaregåande jobba mamma nokre år før ho byrja å studere. – Foreldra mine var over snittet opptekne av at eg skulle få ei utdanning. Dei hadde begge hatt lyst, men ikkje økonomi til å gå meir på skule.

Etter to år byrja mamma å studere økonomi. – Eg valde å studere økonomi fordi det ville vera nyttig uansett kva eg jobba med. Etter fire år med økonomi tok eg eit år med pedagogikk. Mamma studerte i Bø, Bodø og på Hønefoss før ho flytta til Oslo for å arbeide. – Eg trur ikkje eg hadde studert om det ikkje hadde vore mogleg å få studielån.

Meg

Eg har grubla mykje over kva eg skal studere, utan å koma nærmare svaret. Kanskje medisin, matematikk, ingeniør av eit eller anna slag? Kanskje eg skal i militæret? Allmenn verneplikt er det for både jenter og gutar no. Folkehøgskule? Eit friår? Eg veit ikkje enda. Frå staten får eg studielån. Heimanfrå kjem støtte og oppmuntring. For meg er det bortimot ingen økonomiske eller sosiale hindringar når det kjem til utdanning. Eg er veldig heldig som har fått denne gullbiletten. Født i Noreg i nyare tid.

Takk til Margit Thon, Dagny Thon Hovrud og Oda Thon Hovrud

Ung i debatten

Teksten Mormor, mamma og meg var eit av mange bidrag til elevutstillinga "Kven er eg" på Valdres Folkemuseum 2022.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1