Hopp til hovudinnhald

Utanforskap på musea

Har musea rett til å rangere enkelte menneske og kulturuttrykk som viktigare enn noko anna?

Demokratiet er eit gode. Men demokratiet funkar ikkje dersom ikkje alle kjenner seg heime i det og tek del. Ikkje berre ved å stemme ved kommune- og stortingsval, men ved å ta del i alt det som demokratiet legg til rette for: skule, idrettslag, arbeidsliv, bibliotek, sjukehus, kino, kulturskule, lokalavis. Blant anna.

Eit demokrati skal gi deg moglegheit til å realisere draumane dine, og å finne plassen din i livet. Men eit demokrati funkar ikkje dersom du sjølv ikkje greier å gi plass til andre rundt deg. Då må vi vere romslege og rause for kva vi skal tolerere av ulikskap og annleisheit. I Valdres og i Noreg veks utanforskapa. Mange kjenner at dei sjeldan eller aldri får ta del – korkje i skulen eller i arbeidslivet. Det er eit stort paradoks. Korleis er dette mogleg i verdas rikaste, likaste og mest demokratiske land?

Museum og demokrati – kva fortel samlingane og arkiva ved Valdresmusea

Valdresmusea har som oppgåve å ta vare på, dokumentere, forske og fortelje vidare om kulturarven vår og folka som har budd her. Arkiv- og fotomaterialet er i stor grad frå nyare tid, medan gjenstands- og minneinnsamlingane representerer eit tverrsnitt av folkelivet i Valdres i gamal tid. Gjenstandane i samlingane er skapte av dei som brukte dei. Folk fekk seg til det meste sjølv.

Samlingane er ordna og katalogisert og er meint å skulle representere essensen av eit kvardagsliv. Slik opnar samlingane for ei brei tilnærming til folkelivet i eldre tider. Til dømes korleis ein skaffa seg mat, eller bygde hus, korleis ein møttest til fest, sorg eller jul, og korleis kleda vart til. Nokre gjenstandar har vi mange av og nokre er sjeldne og unike. Nokre kjenner vi historia til, medan andre veit vi ingenting om. I bygdebøkene har fleire forfattarar gått gjennom store mengder arkiv og kjeldemateriale, og samanfatta historia til dei som levde før oss. Gjennom desse bøkene får vi eit godt bilete av livet på gardane.

Vi har tusenvis foto. Dels veit vi kva eller kven vi ser, men som oftast manglar det meste av skriftleg eller anna informasjon. Begge deler kan ha verdi i det arbeidet vi gjer med å sikre minna etter dei som har levd før oss. Mellom alle lydopptaka, finn vi stemma til ei bestemor eller ein oldefar. Og dersom du vil vite meir om idrettslaget ditt eller historia til ei eller anna lokal bedrift, kan det vera vi har arkivet her. Generelt vil arkiva og samlingane gjere det mykje lettare for oss å forstå korleis det var å leve før. Men det er slett ikkje alt arkiva og samlingane fortel oss.

Kva saknar vi i arkiva og samlingane?

Dei siste åra har fleire kritisert musea og meint at ein bevisst har unnlate å skrive historia til enkelte menneske og særskilte grupper. Kritikarane hevdar at arkiva og samlingane derfor ikkje speglar det reelle mangfaldet som ein finn ute i samfunnet, og at desse menneska aldri vil kunne finne historiene om seg eller kulturen dei representerer. Historisk er det gjerne knytt tabu og skam til desse menneska og livsformene dei representerer. Og dette har påverka dei museumsfaglege vala som har vorte lagt til grunn for innsamling og dokumentasjon.

Har musea rett til å rangere enkelte menneske og kulturuttrykk som viktigare enn noko anna?

Skal samfunnet og demokratiet funke, må vi derfor motarbeide dei kreftene som vidarefører skam og som plasserer menneska i urettferdige utanforskap. Vi må anerkjenne at menneske kan leve livet på fleire måtar. Dette er noko også musea må ta inn over seg i større grad. 

Det finst rett nok nokre unnatak, og i samlingane vil ein finne spor av både skeive liv og menneske med funksjonshemmingar, til dømes arkivet etter føregangsmannen Erling Stordahl (1923-1994) som bana veg for både Riddarrennet og handikapidretten i Noreg og elles i verda, eller arkivmateriale etter døve og blinde Ragnhild Kaata (1873-1947) som fekk skulegang og verdigheit i eige liv. Dei siste åra har Valdresmusea våga å løfte fram historier om menneske som ein tidlegare ignorerte, og har slik vorte flinkare til å spegle eit rikare og breiare mangfald i samfunnet.

Valdresmusea gjennomfører for tida skuleopplegg i demokratilære i samarbeid med Valdres vidaregåande skule. Prosjektet "Ung i debatten" blir til i samarbeid med Randsfjordmuseet, og har støtte frå Sparebankstiftelsen DNB. Her blir ungdommane kjende med desse annleisliva, som i botn og grunn liknar alle andre liv. For anten vi er på eine eller andre måten, bur det i alle kroppar heilt alminnelege menneske, menneske med dei same behova for kjærleik, respekt og samkjensle.

Musea skal gje rom til alle menneske. I eit ope og fritt demokrati skal det òg vere plass til alle menneske.

Fagernes, 6. september 2021

  • Elevar i utstillinga
    1/5
    Valdresmusea gjennomfører for tida skuleopplegg i demokratilære i samarbeid med Valdres vidaregåande skule. Her blir ungdomane kjende med annleisliva, som i botn og grunn liknar alle andre liv. Jørn N. Ranum
  • skoleklasse i dialog med museumstilsette
    2/5
    Kva fortel museumssamlingane noko om, og kva fortel dei ikkje? Jørn N. Ranum
  • Ungdom i utstillinga
    3/5
    «Nordmenn er jenter som er glade i jenter, gutter som er glade i gutter, og jenter og gutter som er glade i hverandre. Nordmenn tror på Gud, Allah og Ingenting. Det er ikke alltid så lett å si hvor vi er fra, hvilken nasjonalitet vi tilhører. Det vi kaller hjem, er der hjertet vårt er, og det kan ikke alltid plasseres innenfor landegrenser.» Kong Harald, 2016. Jørn N. Ranum
  • 4/5
    Døve og blinde Ragnhild Kaata (1873-1947) fekk skulegang og verdigheit i eige liv.
  • Illustrasjonsbilde av arkivdokument
    5/5
    Føregangsmannen Erling Stordahl (1923-1994) bana veg for både Riddarrennet og handikapidretten i Noreg og elles i verda. Her er eit bilete frå arkivet etter Anna og Erling Stordahl, arkivet er på Valdres Folkemuseum og er del av Noregs dokumentarv. Cathrine Dokken
Museum24:Portal - 2024.11.2 5
Grunnstilsett-versjon: 2