Hopp til hovudinnhald

Kva vil vi med samlingane?

  • Christian Krohg: Leiv Eriksson oppdagar Amerika. Nasjonalmuseet.
    Christian Krohg: Leiv Eriksson oppdagar Amerika. Frå Nasjonalmuseet si samling.

Det er mange grunnar til at gjenstandar og måleri blir ståande på magasin. Gjenstandar treng kvile og måleri treng relevans. Truleg meinte ikkje Nasjonalmuseets avdelingsdirektør det ho sa om Krohg og kolonialisering, og vonleg er det heller ikkje dette som fører betydningsfulle verk ned i mørke kjellarar rundt om på musea i Noreg. 

Musea skal bidra i forhandling om identitetar, tilhøyr, makt og avmakt, om ressursar, samfunn, rett og urett. Musea skal bidra når noko står på spel. Kva som står på spel meiner vi forskjellig om. Derfor må vi heie fram opne og inkluderande diskusjonar som romar mange syn, også dei vi ikkje likar. Vi må tole Krohg sine måleri den tida dei heng framme. Og vi må tole at dei stundom ikkje gjer det.

Ikkje minst må politikarane tole dette. Utstillingar skal skapast av folk på museum, ikkje ivrige ideologar på partikontora og i stortingskorridorane. Vi kjenner tendensen frå land vi helst ikkje vil samanlikne oss med, og i ei tid då kultur og kulturarv er både mål, verkemiddel og argumentasjon i ein kald og blodig krig, må vi som samfunn gå føre med parolen om at kunsten og kulturen må vere fri. Anette Trettebergstuen har sagt ho vil lovfeste prinsippet om armlengds avstand. Det er viktig. 

Musea skal ikkje vere heilage tempel og vaktarar av kultur og nasjonale kanonar åleine. Men musea må heller ikkje gjere seg til pubertale aksjonskontor for tidsaktuelle saker og proklamere sine eigne samlingars manglande relevans, slik fleire museer no gjer. Musea kastar ikkje samlingane på skraphaugen sjølv kor lite heilskaplege og representative dei enn måtte vere, eller når debatten om skeivfordelinga i samfunnet pressar på.

I staden må vi våge å sette samlingane i sentrum. Dei er haldepunkta, men også fortvilinga i liva til mange. Og dei er kjeldene vi skal ause frå, og som vi stadig skal finne nye svar og forklaringar i. Valdresmusea forvaltar landets største bunadsamling, men kastar han ikkje på bålet fordi sume opplever den allmenne, norske bunadbruken som ekskluderande. I staden set vi nye briller på nasen, endrar nokre av perspektiva våre og inviterer til ein fornya samtale om bunadbruk, identitet, tilhøyr og utanforskap.

Kulturarven romar inkluderande og ekskluderande mekanismar. Vi har mange døme på at kulturarven har vore lekk i strategiar for å skilje menneske med høg og låg verdi. Derfor gjer kultur også vondt. Vi blir derimot ikkje klokare som menneske om vi stadig ekskluderer den kulturen vi ikkje likar. Og derfor må vi halde fram med å sette arkiva og samlingane i sentrum for arbeidet. Skånsamt, klokt og reflektert skal vi forvalte dei for ettertida. Nokre gonger gjer det godt. Andre gonger gjer det vondt.

Valdresmusea, 20. februar 2023

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1