Menneske: Valdresmusea skal ha betydning for livet til einskildmenneske. Vi skal utvikle tilbod som skapar engasjement, som inkluderer nye målgruppe og som senker terskelen for deltaking. Valdresmusea har eit mål om 100 000 besøkande innan 2030.
Samfunn: Valdresmusea er heimehøyrande i landets finaste dalføre. Museet skal spele ei rolle for buande og reisande til Valdres, for menneske og bransjar over heile landet, og for publikum og samarbeidspartar frå utlandet. Valdresmusea skal bidra til ei miljøvenleg og berekraftig utvikling og ressursforvalting – som gir utvikling og som skapar arbeidsplassar for regionen, som skapar gode, levande lokalsamfunn, som fører til fornying for sektoren, og som gir meining og refleksjon for publikum.
Tradisjonskultur: Valdresmusea står i ein rik og levande tradisjonskultur og skal vere det beste museet i landet i arbeidet med 1) folkemusikk, folkedans og folkemusikkinstrument, 2) bunad og folkedrakt 3) bygningsvern og 4) støls- og hyttekultur. Dette er fire særskilte satsingsområde som museet skal legge brorparten av ressursane i.