Hopp til hovudinnhald

Verdigrunnlag

Krafta ligg i usemja

Tale: Valdresmusea skal dyrke meiningsmangfald og vere møteplass for faglege og frie ytringar. Vi skal invitere til dialog og samtale om det nære og fjerne. Dei tilsette ved Valdresmusea skal delta i den offentlege debatten om tematikkar som råkar museum, menneske og samfunn.

Våge: Valdresmusea høyrer heime i ein levande bygdekultur. I Valdres, som alle andre stader, rår etablerte forteljingar om samfunnet, kulturen og menneska. Valdresmusea skal våge å stille spørsmål ved alt dette etablerte, også dei forteljingane som vi ikkje likar eller forstår. Valdresmusea skal våge å kritisere dei kreftene som bryt ned demokratiske tradisjonar. For det er den kritiske massen som driv samfunnet framover. Derfor skal museet ta del i dei offentlege ordskifta og lære menneska til å sjå verdien av usemje.

Søkje sanning: Kjeldene speglar menneska og samfunnet. Skal vi bygge innsikt og søkje sanning må vi ta i bruk kjeldene – og vi må undersøke dei kritisk og grundig. Kjeldene kan vere gamle – eller dei er skapte i vår eiga tid, og dei kan vere av immateriell eller materiell art. Kunnskapen til dei tilsette er avgjerande for framgangen til museet. Valdresmusea skal tiltrekke seg dei beste, bidra til fagleg utvikling og knyte seg til relevante kunnskapsmiljø.

Museum24:Portal - 2024.11.2 5
Grunnstilsett-versjon: 2