Hopp til hovudinnhald

Nynazisme, demokrati og medborgarskap

Foredrag ved Oda Okkenhaug

24 år gamle Oda Okkenhaug har dei siste to dagane berørt ca 250 tilhøyrarar på Nord-Aurdal ungdomsskule, Valdres vidaregåande skule, Valdres Folkemuseum og Fagernes kulturhus. Som tretten-åring mista ho bror sin på Utøya, og i åra etterpå har ho engasjert seg politisk og personleg mot høgreekstremisme og nynazisme og for demokrati og medborgarskap. På skulene snakka Oda om kor vanskeleg og viktig det er med kjeldekritikk, om korleis ungdom er i målgruppa til høyreekstreme miljø og om kor viktig det er å bruke stemma si for å verne om demokratiet og fridommen vår. 

Spørsmåla frå elevane var mange. Kvifor blir nokon rasistar? Kva tenkjer du om dårleg språkbruk blant unge? Korleis kan vi handtere det om vi kjenner folk med høgreekstreme haldningar?

Ung i debatten blir arrangert med støtte frå DNB Sparebankstiftelsen, og Valdresmusea er prosjektleiar.

22. og 23. februar 2022

  • 1/2
  • 2/2

Oda Okkenhaug

Sommaren 2011 mista Oda Okkenhaug bror sin på Utøya. I åra etterpå har ho engasjert seg politisk og personleg mot høgreekstremisme. I fjor vart ho ferdig med ei masteroppgåve om nynazisme på internett, og no arbeidar ho som kommentator og debattansvarleg i Trønderdebatt. Oda Okkenhaug har for lengst markert seg som ei tydeleg stemme i det offentlege ordskiftet. Ho arbeider kvar dag med å løfte dei unge sin stemme, både lokalt, regionalt og nasjonalt. 

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1