Hopp til hovedinnhold

Andre verdskrigen i Valdres

Undervisningtilbod for 8.-10. trinn

I april 1940 marsjerte tyske soldater inn i Valdres. Det førte til eit av deira største tap på norsk jord under den andre verdenskrigen. Trass i at tyskarane var i fleirtal, mista dei 157 liv dei to dagane kampane vara. 17 nordmenn vart òg drepne.

Krigshandlingane i Valdres i 1940–1945 er ein viktig del av den nasjonale historia vår. På museet på Bagn er det ei flott utstilling om kampane i Bagn, og på Bagnsbergatn står husa slik dei gjorde i 1940.

Skulen velger eitt av to alternative opplegg:

A) BAGN BYGDESAMLING: 

Omvising i krigsminneutstillinga på Bagn Bygdesamling. Her får elevane sjå både sivile og militære effektar frå krigen. Vising av filmen «Bagn 1940», som fortel om hendingane på Bagnsbergatn i april 1940. Elevane får òg sjå kvar i nærområdet til museet kampane gjekk føre seg.

B) BAGNSBERGATN OG GRÅBEINHØLET

Besøk på Bagnsbergatn med omvising i husa. Elevane får høyre om dramatikken som utspant seg her under krigen. Garden ligg 5 km opp for Bagn sentrum. Hit kjem du med buss eller ved gå opp frå Gråbeinhølet nord for Bagn sentrum. Turen tek frå Bagn sentrum tek cirka ein halv time.

Lengde: 1,5 time, inklusiv matpause

Klassetrinn: Opplegget passar best for elevar i 8.–10. klasse

Pris: Kr 50 per elev

Til læraren

Alle grupper som deltek i undervisingstilbodet, skal ha med seg ein vaksen, og det er læraren som har ansvaret for gruppa. Ved museet ønsker vi å gi dei unge gode opplevingar. Erfaringa vår er at dei som er godt førebudd, dei lærer mest. Snakk med borna før de kjem; kva er eit museum, korleis oppfører ein seg og kva skal skje under besøket? Meld frå i god tid om de har særskilde behov. Vi gler oss til å sjå dykk!

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1