Kursinnhald
På kurset skal me lære å lafte. Det blir mest praktisk arbeid men også noko teori. Me kjem inn på fleire typer lafteteknikkar. Arbeidet vil skje på små hus som har vore lafta på på tidlegare kurs. Det vert også runder på museet sitt anlegg, der me skal få vera med og leita etter verktøyspor, og sjå på ymse laftemåtar, frå 1300-talet og fram mot vår tid. Det er ikkje nødvendig med kunnskap om lafting frå før. Les meir om lafting her.
Fakta om kurset
INSTRUKTØR: Tradisjonshandverkar Håvar Aabol
STAD: Valdres Folkemuseum
TID: 9.-12. juni 2025 kl 8.00-16.00 (4 dagar, totalt 32 timar)
MÅLGRUPPE: Ungdom
PRIS: Kr 2500
PÅMELDINGSFRIST: 1. juni
ARRANGØR: Valdresmusea
Med atterhald om endringar. Kurset er del av Valdresmusea sitt kurssatsing for unge og er støtta av DNB Sparebankstiftelsen.
Spørsmål og påmelding
Tonette Glimsdal Eberspacher
Epost: Tonette.Eberspacher@valdres.museum.no
Tlf: 480 72 651
Valdresmusea, Tyinvegen 27, 2900 Fagernes