Hopp til hovudinnhald

Treskidag

Pilotprosjekt støtta av Sparebankstiftelsen

I februar 2023 arrangerte Valdresmusea og Ski- og skimakarforeininga treskidagar på fire skular i Valdres. Her var det skimakar Thomas Aslaksby som delte kunnskap og skiglede med 3. og 4. klassingar i deira nærmiljø. 

Ski har vore og er ein viktig del av norsk kulturarv og identitet, og det er god grunn til at ein seier at nordmenn er «fødde med ski på beina». Skimakarkunnskapen var avgjerande for at det snødekte terrenget ikkje skulle vere til hindring, men at folk i staden kunne bevege seg over store avstandar vinterstid. Det var nyttig både på jakt, i arbeid og på skulevegen. 

På treskidagen sto skimaking, skihistorie og skileik på programmet. Her er nokre tilbakemeldingar frå borna: Kan du komme tilbake i morgen? Ein superfantastisk dag! Thomas var ein fin fyr. Vi lærte om dei norrøne gudane Skade og Ull. Visste du at ski betyr å dele noko i to? Ski er gøy! 

  • Thomas Aslaksby med treski
    1/6
    Thomas Aslaksby med treski
  • 2/6
  • 3/6
  • 4/6
  • 5/6
  • Sparebankstiftelsen DNB logo
    6/6
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1