Hopp til hovudinnhald

Ein skuledag for 60 år sidan

Undervisningstilbod for 1.-7. trinn

I 1966 overtok Bagn Bygdesamling gamle Dølven skule. I fyrste etasjen er det samla skulemateriell frå omgangsskuletida og fram til sentraliseringa av skulen i 1966. Gjenstandane kjem frå fleire skular i Sør-Aurdal og gjev eit godt bilete av utviklinga innan skuleverket gjennom hundre år. I andre høgda står lærarbustaden slik som då den siste læraren, Ingvar Koppervik, flytte ut frå skulen. Leikeplassen ligg der som før og utedoane står der dei alltid har gjort. Alt dette skapar eit bilete av skulen var før i tida.

Praktiske oppgåver

Elevane blir inndelte i grupper som rullerer mellom tre postar, 30 minutt på kvar post:                           

  • Elevane får delta i ein skuletime der undervisinga går føre seg slik den gjorde for 60 år sidan
  • Elevane får omvising i lærarbustaden i andre høgda
  • Elevane leikar gamle barneleikar på skuleplassen

Lengde: Cirka 2,5 timar, inklusiv matpause. I tillegg kjem reise

Klassetrinn: Opplegget passar best for elevar i 1.–7. trinn

Pris: Kr 50 per elev

Til læraren

Alle grupper som deltek i undervisingstilbodet, skal ha med seg ein vaksen, og det er læraren som har ansvaret for gruppa. Ved museet ønsker vi å gi dei unge gode opplevingar. Erfaringa vår er at dei som er godt førebudd, dei lærer mest. Snakk med borna før de kjem; kva er eit museum, korleis oppfører ein seg og kva skal skje under besøket? Meld frå i god tid om de har særskilde behov. Vi gler oss til å sjå dykk!

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1