Hopp til hovedinnhold

Rite runar

Undervisingstilbod for 3.-7. trinn

Gardbergfeltet i Vestre Slidre

Gardbergfeltet er eit av dei viktigaste gravfelta i Noreg. Her er meir enn 900 funn frå romersk jernalder (cirka 300 e.Kr.) og vikingtid (cirka 900 e.Kr.). 600 gravrøyser er registrerte i feltet. Her er også ein gamal skålgropstein med 70 skålgroper, kanskje frå bronsealderen. Einangsteinen frå cirka 300 e.Kr. er den eldste runesteinen i Nord-Europa som enno står på sin opphavlege plass. På steinen står det: «Ek Godagastir runo faihido», som tyder «Eg Gudgjest rita runene».

Omvisinga startar i felt A med Einangsteinen, gravrøyser og kolgrop i jernalderlandskap. Omvisinga held fram i felt B. Her er gravrøyser, hustuft frå 1600-talet og ein skålgropstein.                                                                                                 

Praktiske oppgåver

  • Elevane får innføring i runealfabetet og får rite eigne runer
  • Ofring ved skålgropsteinen

Tid på året og lengde på programmet

Opplegget kan tingast så lenge det er bart. Rundturen tek 1 ½ time. I tillegg kjem reise og matpause.

Klassetrinn: 3.–7. trinn

Utstyr og klede: Varme klede og gode sko. Etter omvisinga blir det tid til nistemat

Pris: Kr 50 per elev. Maks 50 personar per gruppe

Til læraren

Alle grupper som deltek i undervisingstilbodet, skal ha med seg ein vaksen, og det er læraren som har ansvaret for gruppa. Ved museet ønsker vi å gi dei unge gode opplevingar. Erfaringa vår er at dei som er godt førebudd, dei lærer mest. Snakk med borna før de kjem; kva er eit museum, korleis oppfører ein seg og kva skal skje under besøket? Meld frå i god tid om de har særskilde behov. Vi gler oss til å sjå dykk!

Museum24:Portal - 2024.03.19
Grunnstilsett-versjon: 1