Kva er Valdresmusea?

Valdresmusea skal bli det fremste museet i landet i arbeidet med levande tradisjonskultur.

Valdresmusea er det konsoliderte museet for Valdres og består av Valdres Folkemuseum, Bagn Bygdesamling og Bautahaugen Samlinger. Valdresmusea driv Norsk institutt for bunad og folkedrakt og samarbeider med andre aktørar om drifta av Gardbergfeltet og Stiftelsen Frydenlund. Den museumsfaglege kompetansen veks ut av ein humanistisk fagtradisjon og er knytt til emne som folkemusikk og folkedans, musikkinstrument, bunad og folkedrakt, matkultur, stølskultur, byggjeskikk og kulturlandskap. Her er òg kompetanse på økonomiforvalting, drift og utvikling. 

Valdresmusea forvaltar unike, norske tradisjonsuttrykk og samarbeider med ulike aktørar for å sikre framtida for langeleiken, hardingfela og dansen. Norsk institutt for bunad og folkedrakt er akkreditert NGO (Non-Govermental Organization) i UNESCO og er ein viktig stemme for styresmaktene i spørsmål om drakt- og bunadshistorie. Valdresmusea jobbar lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Kulturminnevernet i Noreg har blanda kår. Skal ein sikre framtida for den gamle byggeskikken og ei berekraftig og miljøvenleg ressursforvalting, er det viktig å ta vare på og ta i bruk dei gamle husa. Museet skal halde fram samarbeidet med fylkeskommunen og utdanningsinstitusjonane og slik bidra til å føre handverkstradisjonane vidare.

Arbeidsplan

Overordna arbeidsplan for områda økonomi og administrasjon, forsking, formidling, forvalting og fornying finn du vedlagt i lenka under.