Hopp til hovudinnhald

Bunad og folkedrakt

Detaljbilete frå bunad med sølje og sjal

FORMÅLET

Norsk institutt for bunad og folkedrakt har som formål å fremje kunnskap om kulturuttrykk, bruk og tilverking av bunad og folkedrakt.

FAKTA OM INSTITUTTET

  • Er eit nasjonalt kompetansesenter som arbeider med dokumentasjon, forsking og formidling av folkedrakt og bunad
  • Dreg på feltarbeid til heile landet
  • Koordinerar det nasjonale museumsnettverket for drakt og tekstil
  • Har store arkiv og samlingar med mønster, stoff, klede, foto og bøker. Svært mykje av registreringane ligg tilgjengeleg på Digitalt Museum
  • Skriv fagartiklar, lagar utstillingar, arrangerer fagdagar, bunadopplæring og kurs - ofte i samarbeid med store aktørar
  • Har status som NGO (Non Governmental Organization) i UNESCO-systemet
  • Er organisert under Valdresmusea, medan det statleg oppnemde Bunad og folkedraktrådet er fagråd for instituttet
  • Adresse: Tyinvegen 27, 2900 Fagernes

Sjå nettsida:
Museum24:Portal - 2024.11.12
Grunnstilsett-versjon: 2