Vegen hit

Valdres Folkemuseum ligg på ei halvøy i Strandefjorden, 800 meter frå Fagernes sentrum i Valdres.

Korleis kome seg hit?

Bil

E-16 frå Oslo eller Bergen. RV 51 frå Gol eller Randen v/ Vågå. RV 250 og RV 33 frå Lillehammer/Gjøvik/Dokka. Sumarvegen frå Lillehammer/Gausdal over Lenningen og Etnedal.

Buss

Valdresekspressen frå Oslo eller Beitostølen/Sogndal/Årdal/Lærdal/Lom Øst-Vest-ekspressen frå Lillehammer eller Bergen. Lokalrute frå Leira. Besøk Norway Bussekspress eller Opplandstrafikk sine sider for ruteopplysninger.

Tog og buss

Bergensbanen til Gol, buss til Fagernes. Besøk JVB sine sider for ruteopplysninger.

Parkering

Gratis parkering på parkeringsplass ved avkøyringa frå E-16. Parkeringsplassen har handikapparkering.

Du kan også parkere på grusbanen i Fagernes sentrum. Frå grusbanen tek du brua over elva og tek til venstre på fortau langs E-16, fram til Valdres Folkemuseum (cirka 5 min. gange).

Avstandar

Til/fråAvstandReisetid
Oslo186 kmcirka 3 t
Bergen337 kmcirka 5,5 t
Trondheim377 kmcirka 6,5 t
Lillehammer116 kmcirka 2,0 t
Gjøvik97 kmcirka 1,5 t
Gol50 kmcirka 1,0 t
Beitostølen38 kmcirka 40 min

Kart

Universell utforming

Parkeringsplassen har handikap-plassar. Velkomstbygget med utstillingar, museumsbutikk og kafé er universelt utforma, medan dei antikvariske husa ikkje er det. Museumskafeen har ein allsidig meny, også med vegetarmat og merking av allergenar.