Vår rolle
Norsk institutt for bunad og folkedrakt inngjekk i 2008 ein avtale med ABM-utvikling (no Norsk kulturråd) om å vere ansvarleg for eit nettverk for norske museum under temaet drakt og tekstil. Instituttet organiserar mellom anna årlege samlingar.
Formålet
Formålet med nettverket er å styrkje drakt og tekstilfeltet i musea.
Det gjer vi ved å:
- skape møteplassar for utveksling av kunnskap og forsking
- utvikle samarbeid og arbeidsdeling
- sikre faglig samanheng og god ressursutnytting
Målgruppe
Nettverket er eit museumsnettverk, men er òg ope for organisasjonar og utdanningsinstitusjonar innanfor tekstilfeltet. Nettverket er ikkje ope for privatpersonar.
Rammer for nettverket
Det er institusjonane som er medlemmer og som sender sine representantar til nettverksmøta. Kven institusjonen sender kan variere frå møte til møte. Det kan vere ein eller to deltakarar frå kvar institusjon.
Nettverket kan velje å halde enkelte opne samlingar eller konferansar, der alle som er interesserte kan kome, for å kunne spreie kunnskap til eit breiare publikum.
Les meir
Kontaktinformasjon
Norsk institutt for bunad og folkedrakt
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Tlf: 61 36 62 50
Epost: post@bunadogfolkedrakt.no