Bagn Bygdesamling

IMG_20160211_114119.jpg

Bagn Bygdesamling ligg 5 kilometer sør for Bagn sentrum, like ved E16. 

Fakta om bygdesamlinga

16 gamle hus, permanente utstillingar, foto, privatarkiv og over 1500 katalogiserte gjenstandar.

Opprinnelige gardsmuseum frå 1920. Grunnleggaren Olaus Islandsmoen skjenka museet til bygda i 1939, og bygdesamlinga er sidan blitt betydeleg utvida. Stiftelse med eige styre, drifta av Valdresmusea sidan 2006.

Sommarsesongen: Omvisingar, opne hus og utstillingar, kaffi og vaffel, toalett.

Resten av året: Annonserte arrangement og gruppebestilling etter avtale (minimum 10 personar). Gruppepris kr 50 pr. person.

Parkeringsplass ved vegen.

    Opningstid og billettar

    Sommarope

    20. juni - 11. august 2019 kl. 11.00-16.00 
    Ope alle dagar unntatt måndagar

    Vaksne kr 60
    Pensjonistar og studentar kr 50
    Barn 4-16 år kr 30
    Familie (2+2) kr 130


    Gruppetilbod