-
Anne Marit Noraker
Kvar laurdag i sommar inviterer Bagn Bygdesamling til temadagar med interessante foredrag. Bagn Bygdesamling har ope i sommar onsdag til og med sundag frå 2. juli til 2. august. Samlinga er elles open fem dagar i veka i seks sommarveker.
Laurdag 5. juli kl. 13: Lasskøyring og bondehandel v/ Svein Thorsrud
Om vinteren var det vanleg å leggja ut på handelstur til Branes (Drammen). Ferdselsåra var det islagde vassdraget. Dei hadde med seg diverse vare frå bygda som dei kunne selja i byen, returlassa var varer som dei trong å importera frå byen.
Laurdag 19. juli kl. 13: Korleis vart Bagn og Reinli sameige til v/ Kristian Berglund
Korleis vart Bagn og Reinli sameige til? Det er hundre år sidan Sameiga vart utskiftet. Før dette var det ein bygdeallmenning. Utskiftinga av Sameiga var den største jordskiftesaka som nokon gong er gjord i Noreg. Kristian fortel om forhistoria til utskiftinga og om kvifor og korleis dette vart gjort.
Laurdag 19. juli kl. 13: Brøtningsdammar i Sør-Aurdal og Drammensvassdraget v/ Torodd Lybekk
Torodd har gitt ut bok om dette emnet. Han vil vise og snakke om månge av dei imponerande byggverka som låg i vassdraga. Alt arbeid og kapital som vart lagd ned for å få tømmeret frå Valdres fram til markedet lengre nede i Drammenselva.
Laurdag 26. juli kl. 13: Mikkjel Fønhus – Noregs fyrste naturverner v/ Arne Erik Fønhus
Mikkjel Fønhus som levde heile sitt liv her i bygda var ein av Noregs mest produktive forfattarar gjennom nesten heile 1900-talet. Han skreiv om lag 70 bøker og var ein svært aktiv debutant i avisspaltene. Han snakka om natur og naturens verdi lenge før nokre andre var oppteken av dette.
Laurdag 2. august: Storebru tresliperi: eit industrieventyr på Bagn v/ Eivind Olmhus
Sliperiet vart bygd i 1910 og var eit dristig og storstilt industriprosjekt. Pedor Piltingsrud var initiativtakar og eigar. Dette er historia om både nedturar og oppturar for treforedling på Bagn.