Hopp til hovedinnhold

Krig, handverk og skule

BASISUTSTILLING

Draktskikken i Sør-Valdres på 1800-talet. Tekstiler og bekledning, møbler og anna husgeråd.

Skulehuset

Då Dølven Skule vart bygd på 1890-­talet, var det 16 skulekrinsar i Sør-Aurdal. Skulekrinsen eksisterte også før, til dømes vart det leigd skulerom på Kamben på 1860-talet. På slutten av 1870-talet leigde kommunen skulerom på Islandsmoen. Til krinsen høyrde Dølvesbygde og nokre gardar på austsida av elva. Det var Trond Hansen Islandsmoen som ga tomt til skule­bygget. Bygginga skjedde i to etappar. Skulekretsen måtte sjølv koste 1/5, medan kommunen og amtet skulle dele likt på resten av kostnadane. Den fyrste etasjen stod ferdig midt på 1890-talet, men det tok tjue år før skulehuset var heilt ferdig med to etasjar. Det vart då bordkledd, med klasserom nede og lærarbustad oppe. Dei yngste og dei eldste elevane gjekk på skule annan kvar dag i det same rommet. Læraren budde oppe med sin familie. Dei fyrste åra var det omlag femti elevar ved skulen, seinare gjekk talet nedover. Etter krigen var elevtalet på 20-30. Krinsen vart lagt ned i 1966, og same året ga kommunen skulen til Bagn Bygdesamling. Nede er det skule­museum og oppe står lærarbustaden med innbu etter Ingvar Koppervik nærast urørt. Foto: Anne Marit Noraker, 2017.

Handverkarustillingane

Handverkarutstillingane inneheld komplett utstyrte skomakar-, skreddar-, bokbindar-, snikkar- og urmakarverkstader.

Kampane i Bagn

I april 1940 marsjerte tyske soldater inn i Valdres. Det førte til eit av dei største tyske tapa på norsk jord under den andre verdskrigen. I Bagn vart dei tyske troppane slegne att­ende fleire gonger. Mange hus og bruer i bygda vart sett i brann. Trass i at tyskar­ane var i fleirtal, mista over femti av dei livet dei dagane kampane vara. Av nordmenn vart 17 soldatar og 5 sivile drepne. Hending­ane er ein viktig del av både den lokale og nasjonale historia vår. Krigsminnesamlinga på Bagn Bygde­samling fortel historia om dei omfattande kampane som fann stad i april 1940. Utstillinga har gjennom ei årrekke vore krigshistorisk pensum ved Krigsskolen, og lokale skuleelevar og andre besøker også utstillingane. Ovanfor Islandsmoen vart det slept fleire bomber, og i berget bak Islandsmoen låg norske soldatar i stilling.

Det gamle jord- og skogbruket

Sjå gjenstandar frå jordbruk, skogbruk, jakt og fiske.

Sigurd Islandsmoen (1881-1964)

Bygdesamlinga ligg på garden Islandsmoen, og her er mykje historie etter komponisten Sigurd Islandsmoen (1881-1964), som også vaks opp her. Les meir HER.

Mikkjel Fønhus (1894-1973)

Fønhus vaks opp i Hølera, og bygde seg etter kvart hus på Nissebakkin like ved. Han hadde rykte som naturskildraren framfor nokon i norsk litteratur, og var i si samtid ein av landets mest folkekjære forfattarar. Mikkjel gav ut kring 40 bøker medan han levde, og bøkene vart gitt ut med opplag på fleire titusen. Trollelgen og Der villmarka suser er av dei mest kjende titlane. Mykje av stoffet fann han i natur, miljø og munnleg lokal tradisjon. Mikkjel sykla overalt og var generelt mot bilar og andre forstyrrande element i naturen. Ukjent fotograf. BV 87-171.

Ola Brenno (1865-1957)

Langeleikspelaren Ola Brenno (1865-1957) vaks opp på den vesle plassen Brenno i Sør-Aurdal. Familien hadde spilt langeleik i fire generasjoner, og Brenno var den fyrste som reiste ut med instrumentet og gjorde tradisjonen kjent utanfor Valdres. Les meir HER.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1