Besøksinformasjon
Gråbeinhølet og Bagnsbergatn er tilgjengeleg for turgåarar heile året. Informasjonstavler undervegs fortel om hendingane.
Avkøyring ved krigsminnemerkeskilt ved Solbakken cirka 400 m nord for Fossen kro langs gamle E-16 i Bagn (i svingen skilta anbefalt fartsgrense 40km/t). Parker nokre få meter etter avkøyringa, i vegskille ved gamlevegen (få plassar). Skilta stig oppover. Alternativt kan ein køyre fram til Bagnsbergatn etter avtale med omvisar.
Fakta om Bagnsbergatn
Fem hus, med kulehol og krigsminneutstilling; dels ute, dels inne. Bagnsbergatn vart innvia som nasjonalt krigsminne av Hans Majestet Kong Olav V i 1986.
Eigarskap
Det er Sønstebystiftelsen som eig Bagnsbergatn. Med eigarskapen har dei eit ynskje om å sikre anlegget for framtida. I 2022 vart Bagnsbergatn freda av Riksantikvaren. Sønstebystiftelsen samarbeidar med Innlandet fylkeskommune og Valdresmusea om formidling, skjøtsel og vedlikehald av garden.