Hopp til hovedinnhold

Gardbergfeltet

Bronsealdergravrøyser, skålgropstein og Eingangsteinen

FAKTA

Eit 2 kvadratkilometer stort område i Vestre Slidre, her finn ein

  • rundt tusen gravrøyser (550 er undersøkte) og meir enn 900 funn frå romersk jernalder og fram mot vikingtid (cirka 800 e.kr.)
  • spor av den enorme jernutvinninga som fann stad i Valdres før, under og etter vikingtida
  • spor etter jordbruk og husdyrhald gjennom fleire tusen år
  • skålgropstein med 70 skålgroper, truleg frå bronsealdaren
  • Einangsteinen er den eldste runesteinen i Innlandet, og også ein av landets eldste. På steinen står det "Eg Godgjest, skreiv (eller: malte) runa (runeinnskrifta)". Andre mulige navn på den som risset runer er GodagastiR, eller RadagastiR. Runene er skrive på urnordisk, eit språk som forsvann då norrønt etter kvart overtok som språk seinare i jernaldaren. Einangsteinen er truleg frå 300–400-tallet e.Kr. Altså frå romertida, fleire hundreår før vikingane kom på bana. Steinen står på ei låg gravrøys. Like ved ligg fleire store gravrøyser i eit kulturmiljø som er lag til rette for publikum.
  • skilta kultursti: våren 2022 fekk området rundt Einangsteinen og dei nærmaste gravrøysene nye kulturminneskilt
  • ønsker du omvising, ta kontakt: tlf (+47) 61 35 99 00 // info@valdres.museum.no

Oppland Fylkeskommune og Valdresmusea har eit delt bevarings- og formidlingsansvar for feltet, medan Vestre Slidre kommune har ansvar for skjøtsel.

VEGEN IHT

Gardbergfeltet ligg i Slidreåsen i Vestre Slidre. 

Adkomst: Følg E-16, sving inn mot Slidre Sentrum. Følg skilting mot Gardbergfeltet. Eige parkering.

Skriv gjerne namnet ditt i gjesteboka!

  • Gardbergfeltet

.
Museum24:Portal - 2024.03.19
Grunnstilsett-versjon: 1