Skysstasjonen i Aurdal

  • 20161120_120830.jpg
    1/1
    Foto: Anne Marit Noraker

BESØKSINFORMASJON

Ope ved annonserte arrangement fleire gonger i året. Sjå mellom anna kalenderen til Valdresmusea, Hemsingfestivalen og Valdres sommersymfoni. 

Uteområdet er tilgjengeleg for besøkande heile året.

Omvising på Frydenlund og i Aurdalsbyen etter avtale, kontakt Erna Jordet på mobil 908 77 721. 

    Rolla til Valdresmusea

    Valdresmusea sit i styret i Stiftinga Frydenlund saman med Nord-Aurdal kommune, Aurdal Historielag og bygdefolket.

    Fakta om Frydenlund

    Skysstasjon bygd fyrste gong i 1801. Hovudhuset vart lagt tett inntil den nybygde kongevegen. Aurdalsbyen var lenge det administrative senteret i Valdres. Dette førde med seg ei veksande handelsnæring og behov for gode vegar.

    Frydenlund vart ein mykje besøkt turiststad på 1800-talet, og har både vore landhandel, postopneri, telegraf, skysstasjon og hotell. 

    Mykje kjentfolk overnatta her, mellom anna Ludvig Mathias Lindeman, Nina og Edvard Grieg, Ivar Aasen, Gerhard Munthe, Bjørnstjerne Bjørnson og ikkje minst Knut Hamsun.

    Knut Hamsun budde her i lengre periodar, og skreiv mellom anna Victoria i Aurdal. 

    Noregs fyrste reisetrafikklag, Valdres og Jotunheimen Reisetrafikklag, vart skipa her i 1888.

    I 1901 overnatta ein av Noregs første bilturistar her, nederlendaren Beduin, på si ferd mot Lærdal.

    Dagens bygning vart bygd ikring 1860 og har framleis sveitserpreget det fekk ved ombygginga ikring år 1900. Huset har selskapslokale og to utstillingsrom; ei Hamsun-utstilling og ei skuleutstilling.

    Ishuset Susen frå Frydenlund vart flytt til Valdres Folkemuseum på 1980-talet.

          • Frydenlund skysstasjon, ikring 1890. Original i Universitetsbiblioteket i Bergen
            1/1
            Frydenlund skysstasjon, ikring 1890. Original i Universitetsbiblioteket i Bergen Foto: Knud Knudsen