Hopp til hovudinnhald

Instrumentverkstad

Skapande miljø, levande handverk

Felemakar Bård Riise Hoel i instrumentverkstaden på Valdres Folkemuseum

TILBODET

Valdresmusea er det einaste museet i landet som lagar folkemusikkinstrument. Det finst nokre andre produksjonsmiljø òg, men aktiviteten i Valdres har alltid vore stor. Soleis utgjer verkstaden i Valdres eit unikt handverksmiljø i Noreg.

Ved verkstaden produserer vi også strenger til instrumenta. For i det folkekulturelle landskapet heng alt saman med alt. Kva er ei fele utan strenger, eller ein bunad utan knappar? Produksjonav strenger og instrument er to sider av same sak.

I instrumentverkstaden arbeider felemakarane med vedlikehald, reparasjon og produksjon av hardingfeler og langeleikar. Aktiviteten omfattar også forsking og dokumentasjon av eldre instrument. 

Treng du eit nytt instrument, eller gode råd til vedlikehald og reparasjon av eige instrument? Ta kontakt eller besøk oss på Valdres Folkemuseum.

Opningstider

Måndag til fredag 10.00-15.00, elles etter avtale.

Vi tilrår alltid å ringe på førehand, då det hender at instrumenthandverkarane har avvikande arbeidstid.

 

  • Fele produsert på Valdres Folkemuseum, av Bård Riise Hoel
    1/1
    Ny hardingfele i 2018, laga av felemakar Bård Riise Hoel ved Valdresmusea.
Museum24:Portal - 2024.11.2 5
Grunnstilsett-versjon: 2