Langeleiken – heile Noregs instrument: Boka kan du kjøpe i museumsbutikken på Valdres Folkemuseum. Prisen er kr 490.
I 2007 tok Det nasjonale musikknettverket ved Ringve Musikkmuseum initiativ til ei nasjonal registrering av musikkinstrument i alle norske museum. Frå Valdresmusea deltok arkivar Elisabeth Kværne. Slik fekk nettverket og registreringsarbeidet betydeleg langeleikkompetanse med i arbeidet. Etter kvart fekk Kværne interesse for langeleiken også ved andre norske museum og sidan 2011 har Kværne, saman med tidlegare seniorforskar ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans, Bjørn Aksdal, undersøkt meir enn 300 langeleikar i norske og utanlandske museum. Med utgangspunktet i eit stort og omfattande materiale har det no vorte bok om langeleiken. Det er fyrste gongen det har vorte skrive ei slik bok, og ho er eit viktig bidrag til norsk og internasjonal musikkhistorie. Målgruppa er primært norske lesande, men fordi ho kan vere av interesse også for utanlandske lesarar, er ho omsett til engelsk. Boka er på 517 sider og kjem ut på Institutt for sammenlignende kulturforskning sin fagbokserie.
Langeleiken er ukjent for mange. Dette til trass for at instrumentet har vore del av norsk musikkliv gjennom meir enn fem hundre år. Det er relativt få som i dag kjenner og spelar musikken – og endå færre som byggjer og forvaltar den handverksmessige kulturarven. Sjølv om kjærleiken og dedikasjonen er stor hjå dei som har oppdaga instrumentet, er det få av desse som kjenner breidda og mangfaldet i utforminga av instrumentet og rikdommen i tradisjonane. Her bidreg forfattarane med fornya innsikt, refleksjon og forståelse.
I boka Langeleiken – heile Noregs instrument har ein lagt vekt på å vise spennvidde og variasjon ved den norske langeleiken. For fyrste gong har forskarar undersøkt langeleikmaterialet i heile landet. Gjennom feltarbeid og systematisk tilnærming til det eldste materialet har forfattarane greidd å avdekke mangfald i konstruksjon og utforming, dekorasjon og stil ved eit elles lite kjent musikkinstrument. Slik blir vi kjende med ein handverkstradisjon der musikken åleine ikkje har vore målet, instrumentmakarane har òg hatt ei brei, allsidig og folkeleg tilnærming til ei rekke kunstnariske uttrykksformer. Kjeldemateriale og instrument er ulikt fordelt mellom landsdelane, men sidan nær det halve av langeleikane ein har undersøkt, kjem frå Valdres-bygdene, seier det seg sjølv at omtalen av instrumenta og tradisjonane derifrå tek mykje plass.
Forfattarane har lagt vekt på å setje materialet inn i kjende kulturhistoriske, musikkhistoriske og organologiske samanhengar, og dei har dokumentert prosessar og fenomen som ein tidlegare ikkje har greidd å sjå i samanheng. Det er eit mål med boka at ho skal inspirere til vidare forsking, men aller mest til framhald av produksjon av langeleikar.
Som forfattarar har Kværne og Aksdal ulik tilnærming til materialet. Bjørn Aksdal er utdanna ved Universitetet i Trondheim med musikk hovudfag. Han var i meir enn tretti år musikkfagleg ansvarleg ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans, og leia blant anna «Hardingfele-prosjektet» på 90-talet. I ti år var han tilsett som høgskuledosent II i folkemusikk ved Høgskolen i Telemark. I dag arbeider han ved Noregs musikkhøgskole og som uavhengig musikkforskar. Elisabeth Kværne er langeleikspelar med studium i musikkvitskap, folkeminnevitskap og folke-livsgransking frå Universitetet i Oslo. Ho har arbeidd som gardbrukar, langeleikspelar og som lærar i kulturskulen. Sidan 2003 har ho vore tilsett som folkemusikkarkivar ved Valdresmusea.