Hopp til hovudinnhald

Høyre du, mann!

Cd-utgjeving

  • 1/2
  • 2/2
    Ola Brenno. Fotograf: Sigvat Tveito. BV 85-333B

Langeleikopptak 1955-1983

Langeleiken er Noregs eldste strengeinstrument som er i bruk i levande tradisjon. Norsk folkemusikksamling har sidan 2014 vore ein del av musikkseksjonen i Nasjonalbiblioteket. No er 42 av langeleikopptaka i samlinga gitt ut på eigen cd. Utøverane er født mellom 1875 og 1961. Opptaka vart gjort i perioden 1955-1983 av innsamlarar som oppsøkte langeleikspelarane heime. Berre dei yngste opptaka vart gjort på ein lokal kappleik. 

Cd-en består av lyarlåttar, dansemusikk og bånsullar frå Valdres, Telemark, Hallingdal og Gjøvik, og folkemusikkarkivaren ved Valdresmusea har gjort eit viktig bidrag i å velje ut låttar til utgjevinga. Plata er nyttig for små og store spelarar. Her kan vi lære om breidda og mangfaldet i låttane og kome nærare inn på kjeldene for musikken. 

Kjøpe cd-en?

Du finn albumet på strøymetenestene, men eit rikhaldig teksthefte gjer at vi rår til å kjøpe plata. Det kan du gjere i butikken på Valdres Folkemuseum eller vi kan sende ho til deg pr. post om du sender ein epost til info@valdres.museum.no. Pris: kr 160 kr inkludert porto.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1