Hopp til hovudinnhald

Strengeproduksjon

Norskproduserte strengar til fele og langeleik

FRÅ 2001: Valdresmusea er i dag den einaste strengeprodusenten i Noreg. Produksjonen starta på museet i 2001, då på bestilling frå Rudi Musikk. I 2022 overtok Valdresmusea strengeproduksjonen frå Rudi Musikk, og alle rettar knytt til varemerket Fanitullen. 

RUDI MUSIKK 1901-2022: Rudi Musikk AS vart etablert i 1901 og vart etter kvart den einaste strengeprodusenten i Noreg. Firmanamnet var i 1901 "K.Ø. Rudi & Søn". Knut Ø. Rudi og Øystein K. Rudi var fiolinmakarar og dyktige musikarar. Tredjegenerasjon, Åse Rudi, dreiv familiefirmaet fram til 2022. 

IMMATERIELL KULTURARV: Med instrumentmaking og strengeproduksjon forvaltar Valdres sjeldne immaterielle kulturtradisjonar, og som vi som region har eit ansvar for å ta vare på. Som nasjon ber vi òg eit ansvar overfor det internasjonale samfunnet. Denne plikta er forankra i konvensjonen om immateriell kulturarv, som Noreg ratifiserte i 2007.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1