Hopp til hovudinnhald

Kom med fela di!

Ungar fortener gode instrument. I arbeidet mitt som instrumentmakar har eg i mange år hatt kulturskuleinstrument inne til reparasjon. Ser ein bort frå akutte skadar, har det stort sett vore regelen meir enn unnataket at den generelle «helsetilstanden» på instrumenta ikkje har vore god – trass i at instrumenta i utgangspunktet har vore av beste slaget.

Elevar fortener å bli kjende med musikken på ein måte som inspirerer til vidare læring. Då er gode instrument ein føresetnad. Ikkje berre for instrumenta i kulturskulene, men også dei instrumenta som finst i privat eige og som ofte lånast ut til talentfulle musikarar. Ein må ikkje vera musikkpedagog for å forstå at eit instrument som ikkje kan stemmast eller som er dårleg rigga, kan vera øydeleggande for spelegleda, motivasjonen til å øve osb.

Kva kan gjerast?

For dei instrumenta som kjem inn for vedlikehald eller reperasjon, er det som oftast behov for retting av stol (flat treplate som strengane kviler på), smørjing av stillpinnar (små pinnar som strengane er kveila rundt i stemmarhuset), retting av lydpinne (ein pinne plassert i spenn mellom botn og lok, retting av gripebrett (det plata spelemannen klemmer ned strengane), retting av overflateskader (lakkskader) og oppretting av skader på hjørne og overheng (den vesle kanten av loket som heng over sidene).

Målet må vera så gode instrument som råd til alle dei ungane som spelar – i eiga regi og i kulturskulene. Då må instrumenta vera gode og dei må vera spelbare. Eg ynskjer meg endå fleire kulturskuleelevar på besøk på instrumentverkstaden, og tek gjerne imot instrument for reperasjon og vedlikehald.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1