Hopp til hovudinnhald

Rudi-tradisjonen

Instrumentmaking i tre generasjonar: Øystein Ø. Rudi (1839–1923), Knut Ø. Rudi (1878–1972), Øystein K. Rudi (1907–1982)

Musikk fyller alle kjenslerom – tidlaust, stadlaust, klasselaust. På Røsshaugen i Skammestein var det ei drivkraft å skapa instrument, og å få strengar til å klinge på vakkert handverk. Øystein Ø. (1839–1923) vaks opp med mykje folkemusikk i grenda, og han var makar i ei brytningstid med ulike syn på tonalitet. Skulle ein ta vare på eit eldre tonebilete, eller skulle ein ta inn over seg den nye tida? Øystein valde det siste. Han laga langeleikar med lyd som fylte store rom, og han nota leikane med den moderne skalaen. Etterspurnaden var stor. Det er sagt at han laga 300.

Sonen Knut Ø. (1878–1972) var òg gripen av den nye tida med tanke på musikk, instrument og tonalitet. Han la i veg til Kristiania, Tyskland og Austerrike for å hente kunnskap og erfaring heim. Folkemusikken låg i hjarta hans. Knut var ein spelemann, felemakar og forretningsmann. Jakt og fiske var òg ein lidenskap, og «Valdresfjøla» – oterfjølproduksjonen – var ein av berebjelkane for å få musikk- og instrumentverksemda til å gå rundt.

Øystein K. (1907–1982), sonen til Knut, vart fødd inn i familiebedrifta på Heggenes. Han hadde same gode handelaget og tok meisterbrev som felemakar i Berlin. Firmanamnet var K. Ø. Rudi & Søn. Dei laga strengar og langeleikar, og dei hadde fleire tilsette. Også brorsonen til Knut K., Knut Ø. (1913–1991), laga langeleikar for K. Ø. Rudi & Søn, og han produserte instrumentdelar som andre sette saman. Det er teke vare på malar og restar frå produksjonen. Dei er utstilte på Valdres Folkemusem.

  • 1/3
    Knut Ø. Rudi (1878 - 1972) med sin beste fiolin. Knut laga fleire enn 200 langeleikar.
  • 2/3
    Knut Ø. Rudi spinn strengar ved spinnemaskina som han laga sjølv fyrst på 1900-talet. Same maskina er framleis i bruk.
  • 3/3
    Øystein K. Rudi (1907 - 1982) med orginal Trondefele i høgrehanda og kopien i venstre, laga på oppdrag fra Musikkhistorisk Museum. Instrumentet består av 650 delar.
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1