Hopp til hovedinnhold

Skakke folkedrakter og fargerike fellesskap

Undervisingstilbod i august og september 2023

Hausten 2023

Nasjonalmuseet si nye utstilling Skakke folkedrakter står på Valdres Folkemuseum sommaren 2023. Rundt skulestart tilbyr vi eit unikt formidlingsopplegg her. Utstillinga er både ein hyllest og eit opprør, og gir rom for alle kjensler: Sinne, skam, stoltheit og kjærleik. Spørsmål om identitet, kvar vi kjem frå og kvar vi høyrer til, er sentrale. 

I Valdresmuseas eigen utstilling Fargerike fellesskap – kvitt raseri spør vi kva som er norsk nasjonalisme i dag? 

Praktisk informasjon

Lengde: 2-3 timar (kan tilpassast)

Klassetrinn: Undervisingstilbod for elever i ungdomsskulen, vidaregåande skule, folkehøgskuler, høgskuler

Opplegg: Omvising og samtale i to utstillingar. Maks 30 personar per gruppe (gruppa deles i to)

Pris: Gratis, men skulane må bestille i god tid

Påmeldingsfrist: Seinast tre veker før besøk


PÅMELDING FOR SKULANE:

DEL 1. Skakke folkedrakter - ikkje ei draktutstilling

Kva har du på deg?
Kvifor går du kledd slik?
Kva betyr tradisjonar for deg? 

I utstillinga Skakke folkedrakter er seks unge samtidskunstnarar invitert til å tenke over desse spørsmåla. Dei har laga kunstverk som på ulike måtar utforskar og utfordrar folkedrakter, bunadar, kulturarv og handverkstradisjonar. Nokre har behov for å vere i fellesskapet, det kjennes trygt og gir livet meining. Andre treng å bryte ut, fordi fellesskapet kjennes trongt og framand. Dans, video, tekstil, drakt, musikk, keramikk, musikk, lyd og ready made - uttrykksformene du møter i utstillinga er forskjellig og nyskapande. Utstillinga Skakke folkedraktar er laga av Nasjonalmuseet og står på Valdres Folkemuseum i perioden 18. juni til 17. september 2023.

Elevane aktiviserast gjennom refleksjonsspørsmål til dei enkelte verka.

  1. Elevane aktiviserast gjennom refleksjonsspørsmål og samtale der elevane bearbeider påstanden; Identitet skaper begrensingar. Samtalen bygger på metodikken i filosofiske samtaler der målet er å få alle elevane til å delta aktivt. Elevane skal ikkje lære kva dei skal tenke, men korleis dei kan bli betre til å tenke sjølv. Korleis kan vi trene oss i å stole på oss sjølv og lytte til kvarandre? Filosofiske samtalar er eit godt verktøy i forsøket på å utvide kunsterfaringa gjennom felles undersøking. 

  2. Elevane testar haldningane sine til bunad og koftetradisjonar via meiningsbarometeret EINIG/UEINIG. Ein interaktiv og fysisk oppgåve der alle deltek. Elevane må ta standpunkt og begrunne haldningane sine. Målet er å reflektere rundt haldningar og vise at haldningar kan endrast ved gode argument.

DEL 2. Nasjonalisme

Kva er ein nasjon?
Kven får ta del og kven fell utanfor?

Utstillinga viser korleis bunadane og tradisjonskulturen har vorte nytta til å fortelje noko om kven vi er som folk, og korleis bunadbruk og deltaking i tradisjonskultur har skapt store, homogene fellesskap, men også einsemd og smertelege utanforskap.

Forslag til forarbeid/etterarbeid

1. Diskuter og definer

  • Kva er identitet?
  • Kva er nasjonalisme?
  • Korleis kan felles identitet skape både tryggleik og begrensingar?

2. Be elevane tenke over spørsmåla:

  • Kva har du på deg?
  • ​Kvifor går du kledd slik?
  • Kva betyr tradisjonar for deg?

La elevane notere skriftleg før besøket. Ta fram att arka etter utstillingsbesøket og la elevane vurdere om det dei har skrive ned framleis stemmer, eller om dei vil legge til noko nytt. Dette kan være utgangspunkt for ein samtale i klassa om utstillinga og utstillingsbesøket.

Tidspunkt

1. august - 15. september 2023

Ta kontakt i god tid for å gjere avtale.

Til læraren

Alle grupper som deltek i undervisingstilbodet, skal ha med seg ein vaksen, og det er læraren som har ansvaret for gruppa. Ved museet ønsker vi å gi dei unge gode opplevingar. Erfaringa vår er at dei som er godt førebudd, dei lærer mest. Snakk med elevane før de kjem; kva er eit museum, korleis oppfører ein seg og kva skal skje under besøket? Meld frå i god tid om de har særskilde behov. Vi gler oss til å sjå dykk!