Hopp til hovudinnhald

Skakke folkedrakter

Omvising for grupper 17. juni-17. juni 2023

Praktisk informasjon

Lengde: 1 time

Opplegg: Omvising i kunstutstillinga, verkstad med veving av samiske bånd og refleksjonssamtale

Pris: Kr 100 per person (minimum kr 1500 for ei gruppe)

BESTILL OMVISING:

Skakke folkedrakter - ikkje ei draktutstilling

Kva har du på deg?
Kvifor går du kledd slik?
Kva betyr tradisjonar for deg? 

I utstillinga Skakke folkedrakter er seks unge samtidskunstnarar invitert til å tenke over desse spørsmåla. Dei har laga kunstverk som på ulike måtar utforskar og utfordrar folkedrakter, bunadar, kulturarv og handverkstradisjonar. Utstillinga er både ein hyllest og eit opprør, og gir rom for alle kjensler: Sinne, skam, stoltheit og kjærleik. 

Spørsmål om identitet, kvar vi kjem frå og kvar vi høyrer til, er sentrale i utstillinga. Nokre har behov for å vere i fellesskapet, det kjennes trygt og gir livet meining. Andre treng å bryte ut, fordi fellesskapet kjennes trongt og framand. Dans, video, tekstil, drakt, musikk, keramikk, musikk, lyd og ready made - uttrykksformene du møter i utstillinga er forskjellig og nyskapande. 

Utstillinga Skakke folkedraktar er laga av Nasjonalmuseet og står på Valdres Folkemuseum i perioden 17. juni til 17. september 2023.

Museum24:Portal - 2024.11.2 5
Grunnstilsett-versjon: 2